Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 30. mars 2009

Vinteren er her framleis.

Her er jentungen i svevet. Heile vinteren brukar me på ski, noko som er utruleg morro. Veret var ikkje så aller verst. Så det var fint å vera ute.
Slik såg det ut i frå toppen av trekket. Tidleg på dagen. Det vart faktisk finare ut over dagen. Men då måtte eg reisa heim att, var ikkje god til å sigla meir, etter at eg hadde dotte litt forkjært. Gjekk litt hardt utover armane og nakken. Så no sit eg godt her i stresslessen og slappar av, resten av veka og sa doktoren....så slik enda den dagen.

No vil eg ha vår, siste dagane så har snøen smelta godt og ein ser at det minkar. MEN i dag så var det kome nye 10 cm nysnø. Det virkar som om at vinteren ingen ende vil ta. No er eg lei snøen her på tunet, den kan godt vere oppe i skibakken, men eg vil ha den vekk slik at eg kan får rydda og ordna ute til konfirmasjonen 10 mai.


fredag 27. mars 2009

Bird foot og handel

Endeleg var Birdfoot sokkane ferdige. Men tenk å leggja so mykje arbeid i nokre sokkar. Det er nesten slik at eg må bruka dei med andakt.

Då eg var nett innom ekstrajobben min, så måtte eg nett ha...... med meg litt i dag og....det er farlig å ha bijobb på garnbutikk når ein er "avhengig". Hubroen skal bli ein hals, mandarinen vaskeklut og mirasol hacho veit eg ikkje heilt kva eg skal bruka det til. Måtte bare ha det..........Fint arbeid i helga etter at me har feirt 15 årsdag i huset.
Ha eit flott helg allesaman.....det skal eg.......kansje eg får tid til litt skigåing og denne helga....kven veit, kven veit.....

Pakke til ho mor og tantungen.

No har eg endeleg somla meg til å senda pakken til mamma i posten, måtte ta det no, for det vart forlenge å venta til eg skulle heim. Då kunne det no fort verta både vår og sommar. Det vart det i fjord, så i år tenkte eg at eg måtte vera betre. Litt seint ute er eg no likevel. Den andre pakken den er til tantungen min i Odda som vert 10 år på neste laurdag. Håpar ho kjem til å verte glad for det ho får. I dag kan ho ikkje bruka det ho får, men forhåpentligvis kan ho det neste helg. lurer de no..........?????
No har eg strikka meg ein wham bam thank you lamb eg og. Den er strikka i Hubro frå Dalegarn og pinne nr 9. La opp 25 masker og strikka til eg ikkje hadde meir garn. Brukte 100gr nøste vel å merka.

onsdag 25. mars 2009

Varm i rumpa og på føtna

No vert ein varm i rumpa og på føtna.
Tøfflane er strikka i Viking Naturgarn. Et garn som tovar veldig godt. Litt for godt kansje. Tøfflane vart stive og fine. Men eg anbefalar å strikka litt større enn det du har tenkt, slik at dei forhåpentlegvis passar.
Sitjeunderlaget er strikka i noko Viking garn det og, men veit ikkje kva type.




Ferdige produkt tatt i bruk.........

Her er tantungane mine som har fått kvarsitt panneband som eg har strikka. Ikkje heilt sant det, for det blå er hekla og så har eg sydd på 3 knappar som pynt. Stine i midten har og fått vottar av besto si som sit i bakgrunnen. Garnet eg har brukt på dei fargerike pannebanda er ragg strømpegarn frå hjertegarn.
Her er jenta til søskenbarnet mitt. Ho har eg strikka genser til i Lanett. Ser ikkje ut som at jento er heilt fornøgd med tilværelsen.

mandag 23. mars 2009

Fleire lappar

Nye lappar ferdige til restegarnteppet mitt, har byrja på den 14nde og det minkar på garnet. Fantasien med å finne fleire farge kombinasjonar minkar og. Men slik bildet under visar så er fargane til neste lapp klare.
Men eg gledar meg til å setja alle lappane saman, vert nok ein del prøving når den tid kjem. Planen er å ha 24 lapper tilsaman, så eg er jo berre kome nett halv veges.

Toving av sitjeunderlag og tøfflar.

Sitjeunderlag og tøfflar ferdig tova. Underlaget er strikka i fritidsgarn. Tøfflane er strikka i Naturgarn frå viking. Naturgarnet tova veldig, tøfflane var strikka i storleik 38/40 men komut av maskina i 35/36. For desse svarte og kvite vart tova i lag med sitjeunderlaget. Så eg får prøve å ta neste tøfflar aleina i maskina.

onsdag 18. mars 2009

Nye ufoar?

Ufoar.Kvifor lærer eg aldri. Startar alltid på noko nytt sjølv om eg har fleire ting frå før som ikkje er ferdige. Det er jo så mykje som eg vil laga, så derfor vert det slik.
På bildet er det eit sijeunderlag, kariussjal, vinpose, kaunisjal, pulsvanterog, sjerf i alfa og eit i kidsilk. Skal tru kortid alt dette vert ferdig???????
Tenk hadde eg hatt vet til å gjera ein ting ferdig før eg byrjar på noko nytt.........

Dette fann eg på kottet i alt rotet mitt. Kansje den andre vert ferdig snart. Kven veit.


Dette er sjerfet som skal strikkast i Hals/sjerf along09 for mars månad. Dette er strikka i Kid Silk. Det er nseten som å strikke med sytråd.

søndag 15. mars 2009

Godt eg tok på meg skia



I går såg det slik ut.....................i dag ser det slik ut........
jammen godt eg tok meg ein tur på ski i går likevel, for eg hadde egentlig tenkt å ta det med ro igår....bra eg tok til vetet og hadde på meg skidna.
Uff kva har eg gjort med bloggen min no....? veit ikkje heilt om det er slik eg vil ha den, får sjå når eg har fått anna farge på teksten.

lørdag 14. mars 2009

Ute dag i dag

Utruleg kor fint me har hatt det i dag.

Dette likar eg :)
Sola skin på sitt finaste og skispora sniglar seg bortover.
Her ser du skispora mine sniglande nedover.
Likar meg egentlig best i preparerte løyper.......


Maren tar grepet. Tante ungen har vore med å pynta opp venterommet i Odda.


Johannes kosar seg i bakken. Beste rekreasjonen ein kan ha det er å vera ute i sola. Eller ute i det heile. Sola skin, som Johannes skin....:)


Hallvard likar seg godt han og.






fredag 13. mars 2009

Herleg med arbeidsfri helg.

No er det endeleg helg, to av ungane er reist til Hardanger. Så eg, minsten og mannen har vore på Dolly med alpingruppa og ete pizza no i kveld. I morgon viss det er bra ver så vert det vel nokre timar i bakken.


Flott utsikt me har frå postkassen. Tenk å ha slike dagar.


Slik er det med snø rundt huset. Vel å merka så er det tak snø, men likevel. Da hopar seg opp mellom huset og vedhuset. Her er det minste guten som kosar seg ute i snøen. Han er nesten ute meir i døgnet enn han er inne. Berre nesten...... Mange gongar er han ute før han skal på skulen og. Jammen godt at det er slik, og ikkje berre sit framfor tv eller datan. Den tid kjem vel tidsnok....:)

Fint bilde av månen....er ikkje store prikken...


God helg allesaman som er inne og les litt her.....

søndag 8. mars 2009

Vottar til jentungen


Endeleg ferdig, sjølv om eg ikkje har brukt lang tid på å strikka dei. Men eg har brukt langt tid før eg byrja på dei. Tykjer iallefall jentungen, men etter eit par nattevakter så vart dei ferdige.
Vottane er strikka i Smart på pinne 3.5 etter oppskrift på Bea sine fotografvotter.

Nrk look a like nr 2


Så var den andre NRK look a like lua ferdig. Denne er strikka i Topp`t Tå på pinne 5,5 og 6. Eg har laga ein litt annan variant der eg har strikka 3 r, 3vr både i vrangborda og i spiralmønsteret . Vart ganske fornøgd med den. Litt grovare enn den som er strikka i Freestyle.

fredag 6. mars 2009

Handel igjen



I går kom pakken som eg hadde besstilt på nettet hjå To Damer. Trur ikkje det gjekk meir enn to dagar så hadde eg pakken i posten. Jammen fort å handle for mykje når ein berre sit og trykjer. Det blir litt peng av det, sjølv om det ikkje ser så mykje ut. med på kjøpet fekk eg og to maskemarkørar.

Jentungen lurte på om eg var byrja samla på garn sidan eg er byrja å ha garnet i plastkassar. Eg sorter det alt etter kva det skal brukast til eller garntype. Enkelt å finna fram i rotet mitt då. Men det kan verta ein del kassar av det. Men ein ser no kor eg har kva slags garn uten at eg må leita gjennom alle handleposan (slik eg hadde da før). Det som er på bildet er og berre ein liten del av det eg har samla opp etter ca 20 år i handarbeids brasjen. Eg byrja tidleg..........me er 4 systre og det er berre eg som driv med handarbeid, så eg driv på for dei og. Eine systra var vel nett borti noko korssting men det var vel og alt..........


onsdag 4. mars 2009

Rosa himmel

Sjå den flotte himmelen!!! Eg måtte berre legga da ut slik at de som er inne på bloggen og kikkar kan sjå kor fin naturen kan vera......spesielt i sogn?
Ikkje fult så skarp rosa farge på dette bildet men, like fint likevel.

Handel og maskemarkørar.






I dag har eg vore på Sybui og handla litt, etter å ha vore sjuk nokre dagar.
Dagens vetle handel har du her. 3 nøster ragg-strømpegarn frå hjertegarn til panneband, 3nøster fritidsgarn til vinpose og 2 nøster topttå til lue.
Nokre perler og streng til å lage maskemarkørar av. Strengen vart for stiv og tjukk, eg fekk den ikkje to gangar gjennom perlene. Men eg fann ein perlepakke som eg hadde frå før og der var det tynnvaier oppi. Den var mykje betre å bruka, så det vart no nokre maskemarkørar. To av markørane har eg allerede tatt i bruk.

mandag 2. mars 2009

Panneband produksjon




Her er resultatet av helgas strikking. Fire panneband er resultatet, to av dei er allerede tatt i bruk av gutane i huset. Jentungen vil og ha eit, men i lillafargar. Så då er det nok berre å strikka eit til ho og. Det rosa/raude vert nok ein presang til ein tanteunge.
Desse pannebanda er skikkelige tv arbeider. Noko enklare enn dette kan det nesten... ikkje gå an å strikka........Nesten sa eg, men det er vel gjerne endå enklare å strikka rundt og rundt.... enkelt er det iallefall.