Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 27. januar 2010

Selbuvotten

IMG_4783IMG_4777

No har eg strikka mitt fyste par med ekte selbuvottar(trur eg). For det har vore litt diskusjonar rundt om kring over kva som der dei orginale selbuvottane, ikkje veit eg. Men eg trur det at desse må koma inn under selbuvottkategorien. Må sei at eg er litt stolt av meg sjølv.

 IMG_4778 IMG_4779  

Mønster: Selbuvotten av Terri Shea.

Garn: Rauma finull.

Pinner: 2.5 mm.

Storleik: Dame

  IMG_4645 IMG_4780

For ei stund sidan strikka eg desse vottane til Hallvard. Vottane er strikka i pt5 sport. Eg trudde ikkje dette garnet skulle tova noko sidan det er nylon i det. Men det har det. Bildet til venstre er før bruk, og bildet til høgre er etter bruk. Det ser ut som om at ein har kosta dei med ein fin kost, på innsida av votten. Akkurat slik som ein gjer når noko er tova og så børsta. Krympa i storleik har dei og. Nokon som kjenner til dette garnet? Er det heilt normalt? Eg veit at rein ull tovar seg men, trudde ikkje ull med nylon gjorde det.

fredag 22. januar 2010

Vottar og tur i skogen.

 

IMG_4776Endå eit par strikka vottar ferdige. det minkar på bestillingsvottane. Tredje paret manglar berre tommel.

Mønster: Frå eit gjestal hefte.

Garn: Pt 5 sport.

Storleik: Stor dame.

 

IMG_4750 IMG_4767 IMG_4768

I dag hadde eg og Tassen oss ein tur opp i skogen. Onkelen til mannen min har laga veg opp i skogen. Kjempe fint å gå oppover der, ingen trafikk eller noko. Og hunden kan springa laust utan at eg treff masse folk.

Eit par kveldar har eg og gutane gått opp i skumringa med hovudlykter og akebrett, og så har me sigla ned att. Kjempe kjekt.

 

IMG_4769 IMG_4775 

No er det vel leggetid for meg som skal tidleg opp att i morgon tidleg. Har arbeidshelg igjen. Desse helgane kjem så alt for fort. Ha ei fin helg alle saman.

torsdag 21. januar 2010

Vottar

 IMG_4744 

Endå eit par med vottar, denne produksjonen vil ingen ende ta………eller vil den? Byrja verte litt lei av å strikka da sama mønsteret fleire gongar. Noko som då inneber at eg har fleire vottar på gang. Før eg har strikka begge vottane, så har eg byrja på ein ny i eit anna mønster. Så eg har fleire vottar liggande, men det er berre ein av kvar…..

Mønster: Pt design 82

Garn: Pt 5 sport.

Storleik: Herre.

Til tider går det bort masse tid inn på datan, som eg kunne ha brukt på å strikka. Då hadde eg kanskje vorte ferdig med desse 4 para som eg strikkar på bestilling. Av og til når ein set seg ned så berre flyg timane avgarde…………skal berre nett innpå ein blogg til….men er det er no kjekt å sjå på alt det som vert blogga….. masse inspirasjon.

Ha ein fin kveld allesaman.

tirsdag 19. januar 2010

Eg har fått ein award.

Eg har fått ein award avTilflukt. tusentakk skal du ha. Alltid litt kjekt å få ros for det ein skriv og lagar. Men kva skal eg skrive om meg sjølv då, det vert no ikkje lett.

1. Flink til å strikke.

2. Er flink til å utsetja husarbeid, til eg berre må…

3. Likar ikkje trege mennesker.

4: Kunne vore flinkare å gått turar og spesielt med hunden.

5. Har laga meg eit handarbeidsrom på loftet.

6. Burde ha slanka meg…

7. Syns det er fint med snø.

 

Denne awarden gir eg vidare til tovepia ,hjemmeute ,LivM , trollogting , Bitt@mi ,Strikkesaken ,Malla Alle desse har fine bloggar det er vert å ta turen innom. Det er ikkje lett å plukke ut kven som skal få, for det burde alle fått. Men desse over her er det eg har plukka ut.

 

Det følger ein del krav med denne awarden.
Kopier awarden til bloggen din
Link til den personen som ga den awarden
Fortell 7 fakta om deg sjølv
Velg 7 andre du vil sende awarden til
Legg igjen ein kommentar i bloggen deira slik at dei får vite om denne awarden
(The rules of this award. Copy it to your blog, link to the one who gave it to you, 7 facts about you, send it to 7 others and leave a comment on their blogg)

lørdag 16. januar 2010

Pakke i posten

Endå ein pakke i posten, denne gongen hadde eg flaks i trekkninga til bitt@mi og eg fekk eit kjempe fint nøste med Wollmeise.

IMG_4714

Kva denne skal bli til er ikkje godt å sei. I fyrste omgang så får eg gøyme det litt til eg finn noko som det kan passe til. Sokkar kanskje eller eit sjal?

Tusen takk til bitt@mi.

torsdag 14. januar 2010

Vottar og lego

 IMG_4642 IMG_4644 IMG_4645

  Endå eit par med vottar ferdige. Desse er til Hallvard. Om det er Slbuvottar veit eg ikkje men det er iallafall rosevottar. For det har no på gått ein diskusjon i forhold til boka til Terri Sheea, Selbuvotten. Om det er orginale etter gamle mønster eller ikkje. Eg veit ikkje, men mange fine mønster er det i allefall i boka. Selbu eller ikkje. Desse vottane her er henta frå same heftet som dei andre eg har strikka. pt mønster nr. 82 og dei er strikka i pt5 sport.

IMG_4647 IMG_4648

Her i huset har det gått i lego sidan jul. Hallvard fekk ein del lego til jul og så fekk og kjøpte han til bursdagen sin. Så no har han snart ein heil by på rommet sitt.

I dag ligg han slapp på sofan etter å ha spydd nesten (føles i allefall slik ut) i heile går. Så no har gutane i huset hatt det, og håpar at vert stopp der :)

Ellers må alle som er innom ha ein fin dag.

tirsdag 12. januar 2010

Litt meir feiring og uventa pakke i posten.

IMG_4620

 Her ein dag kom det uventa pakke i posten…eller heilt uventa var den vel ikkje for eg hadde jo besstilt da sjølv frå usa. Den 16 november retter sagt og så kom pakken rett før helga. Er ikkje rart at den liksom var litt uventa då. Så no har eg masse fint arbeid framføre meg.

 

 

IMG_4623    IMG_4625

Litt meir bursdag feiring hadde me på fredag. Hallvard og Sondre feirde i lag og hadde alle gutane i klassen på besøk. Ei veninde av meg hadde laga Gråtass kake, som betaling fekk ho eit par med strikkavottar. Tusen takk Helga:)

    IMG_4637 IMG_4638 IMG_4640

Seinare på kvelden fekk me besøk av denne vesle kvelpen. Ein liten terrier på 12 veker. Du skal tru Tassen var i hundre. Kvelpen var utrleg fin. Nesten so ein ikkje hugsar at Tassen har vore så liten ein gong. Men jammen var det mykje styr og når han var så liten. Masse pass, nett so å ha ein baby i hus. I dag er kvardagen mykje lettare. Han går til døra nær han vil ut. Og når han kjem inn att legg han seg framfor ovnen……og kosar seg..

torsdag 7. januar 2010

Vottar.

Godt nyttår til alle som er innom denne bloggen min. Det har gått litt seint med blogginga i det siste. Litt på grunn av giddalause, julafeiring, jobbing og bursdagsfeiring. Men no får eg tru at eg er komt i gang. Likevel så har eg vore innom bloggane dekans og kikka….

 

 IMG_4618 IMG_4614 IMG_4615 IMG_4616

Den store votteproduksjonen er i gang. For plutseleg var det kjekt å strikka rosevottar. 3 par har det vorte i byrjinga av dette året,  med litt hjelp av jula.

Mønster: Pt design nr 82

Garn: pt 5 sport.

 

IMG_4609 IMG_4600

Her er bilde av kaka til Hallvard, han vart 8 år 5 januar. Så det er travelt med bursdagfeiring så tidleg på året. Men det var no godt at eg kom over i januar for åtte år sidan og ikkje landa i desember.

I dag er det 21 blå grader ute. Eg sit inne og fyre for å halda varmen. Det er nesten ei kvia å gå ut å henta veden……Ha ei fin og kald veke alle saman.