Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

torsdag 28. oktober 2010

Tunika

IMG_7487 IMG_7488

Tunikaen er endeleg ferdig takka vere Bitta ho var ein engel og bytta garn med meg. Tusen takk Bitta. Så no er den ferdig, skal berre vaskast, tørkast og pakkast og så er den klar til jul. Heldigvis minkar det på julegåvene. No er det berre å håpa at mottakaren likar den.

Mønster: Hjemmet nr. 37/10 (sandnes garn)

Garn: Wollmeise twin

Pinner: 2,5 og 3 mm.

Storleik: 8 år.

mandag 18. oktober 2010

Eit lite besøk på Projo…

I helga var eg og mannen min i 50 årsdag på Moelv. Kjempe morro!

Laurdagsføremiddag så sett me oss i bilen og tok ein tur til Skarnes og Projo. Litt over ein time gjekk det, på vegen fekk me og kjøpt tvintip ski til eldste guten. På projo treffte me ei flott dame, lett å kome i kontakt med. Trur ikkje mannen tykte det var kjedeleg eingong.

 

 IMG_7258 IMG_7259

Malabrigo Lace to hesper amoroso vart kjøpt. Mest rett farge på bilde til høgre.

 

IMG_7256

Dette hespet har May Lis farga sjølv.

 

IMG_7260  IMG_7255

To vottepakkar vart og med heim att.

 

IMG_7261

Og sist men ikkje minst tok eg med meg to malabrigo sokkegarn til endå eit ulmus sjal.

Sjølv om det vart litt garn, så angrar eg litt på at eg ikkje kjøpte nokre nøster til. Men, men nettbutikken er no open heile døgnet, så det vert nok meir.

Ei flott helg heilt uten ungar har det vore. Me treng slik innimellom.

tirsdag 12. oktober 2010

Forlite garn……..kva gjer ein ????

IMG_7247 IMG_7248

Eg held på å strikka ein tunika som skal vere ei julegåve. Men kva trur du har skjedd, jau då eg har forlite rosa garn. Det hadde vore ei enkel sak å kjøpa meir hadde eg brukt sisu som det skulle brukast i oppskrifta, men eg var så lur å bruke wollmeise. Det skulle halda med eit hespe på 150 gr. men det gjer det altså ikkje. Har prøvd å etterlyse diverse plassar, men inga respons so langt. Så no er det berre å fylgje med på oppdateringane til wollmeise kvar fredag…..dersom eg har fri.

Men er det nokon der ute i blogglandia som har nokre få gram med tutu dark som dei vil selge eller byte bort så vert eg kjempe glad.

fredag 1. oktober 2010

Hyacint Lace Shawl

IMG_7196 IMG_7197

Har strikka eit nytt sjal, som mest truleg vert ei gåve til ein 60 åring. Viss ho likar fargen då? Strikka dette hyacint sjalet fordi det hadde navnet på ein blomst, og sidan 60 åring likar blomstrar så måtte jo dette vere perfekt for ho.

IMG_7198 IMG_7199

Mønster: Hyacint av Evelyn Clark

Garn: wollmeise farge True Love

Pinner: 3.5 mm