Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 30. januar 2011

Huer i Alfa

 

I dag har eg sove lenge. Var vaken tidleg på morgongen, men så la eg meg atte og vakna ikkje før klokka var 11.45, då spratt eg ut av senga. Og tenkte herre gud e da mulig, sova vekk heile dagen. Men, men eg trong vel kanskje den søvnen sidan ikkje la meg før kl. 02 i natt. Ikveld er det berre å koma seg litt tidlegare til sengs, da e greit.

Her har da gått i huestrikking i da sista.Desse huene har lagt ferdige ei stund, men no er dei fotografert  og blogga. Litt dårleg kvalitet på bildene, men eg gadd ikkje gå ut at å ta nye.

DSC00343DSC00341

Marius hue i lilla og grå alfa.

DSC00344DSC00345

Fana hue i svart og turkis alfa.

DSC00346DSC00347

Marius hue i dei orginale marius fargane.

Mønster: Kit nr 31 frå Sandnesgarn.

Garn: Alfa.

Pinner: 6 og 7 mm.

fredag 28. januar 2011

Rose red i blå alpakka

 

DSC00332DSC00333DSC00334

Ikkje berre, berre å ta bilder ein sein kveldstime. Når det berre må bloggast litt. Ikkje det at eg har så mykje, men det var ei veke sidan sist. Det står til liv i heimen, sjølv om det har vore litt sjukdom her. I dagtidleg då måtte eg til legen med jentungen, for ho var så tungpusten. Astma medisinen hennar virka ikkje i natt. Heldigvis hjelpte det med medisin i forstøvar. Men ho har likevel vore tung i pusten i heile dag. Da kjedeligaste var nok at ho ikkje kunne reisa med fly til Oslo….og eg tapte 395 kroner Smilefjes For slik er det når ein ikkje har avbestillingsforsikring, for kvifor skal ein ha det på nesten 400 kr. ja.ja slik er det no…

I går kveld starta eg på ei rose red lue, og ferdig no ikveld. Måtte nett prøve eit garn som er på tilbud på butikken, om det kunne passa til slike huer. Og det gjorde det.

DSC00336

Mønster: Rose red av Ysolda

Garn: Alpaka Fashion av Schachenmayr.

Pinner: 3,5 mm.

torsdag 20. januar 2011

Bellas mittens

DSC00315DSC00316

E neimen ikkje godt å sjå mønsteret på desse vottane. Men det er Bellas mittens som eg no endeleg har strikka. Etter å ha lagt lenge på lista over kva eg har lyst til å strikka. Mange har strikka desse vottane, enkle var dei og. Så det vert nok fleire skal de sjåSmilefjes

Mønster: Bellas mittens på norsk her

Garn: Alfa frå sandnes

Pinner: 5 mm knit pro pinner

tirsdag 18. januar 2011

Kor mange votteboken finst det?

DSC00300DSC00303

No har eg leita og leita på nettet. Kor mange bøker finst det med navnet Votteboken? Når ein lagar bøker så kan ein vel ha litt forskjellige navn på bøkene. Heilt greit med votteboken og så neste med votteboken 2. Men kor mange votteboken 1 finst det eigentleg. Eg har den raude, men kunne godt tenkt meg den grøne som er bilde av på datan. Den grøne finn eg ikkje på biblioteket ein gong. Den raude er å oppdrive… Kva gjer eg??

mandag 17. januar 2011

De vert vel lei alle vottane mine?

DSC00304DSC00305

Har strikka endå eit vottapar. No kjenner eg at eg byrja vert litt lei vottar. Men slik er det no når ein skal strikka fleire par på kort tid. Framsida har eg funnet på nettet. Baksida har eg henta frå votteboka til Terri Shea og tommelen henta eg frå ei anna vottebok. Eit heilt arbeid å teikne alt over på ruteark. Vottane er passleg breie, men kunne godt ha vore litt lengre. Men passar heilt fint til meg då, men so har ikkje eg så store hender Smilefjes

Mønster: litt her og der.

Garn: pt 2

Pinnar: 2 og 2,5 mm.

Her har slusene vore opne siste dagane. Fint ver å halda seg inne i Smilefjes

tirsdag 11. januar 2011

Litt snø oppdatering….

DSC00285

 

Ei lita oppdatering om snøen. I dag har eg vore ute å flytta på snøen i 2 timar. Måtte ta vekk snøen oppå pergolaen min, før den knekk i saman. Og det var jammen på tide, for den var byrja gje etter midt i ein stor kvist i treverket. Oppå var det sikkert mellom 60 og 70 cm snø.

DSC00286DSC00287

 

For å kome meg bort til pergolaen så måtte eg forsere nokre meter med snø. Det er ikkje mange metrane frå altanen til pergolaen, men jammen var det tungt å kome seg bort der. Stod midt uti snøen til langt oppå magen. Greit nok eg er ikkje meir enn 156 cm høg, men likevel så er det meir enn nok snø.

No hadde eg tenkt å kosa meg med pinnane, men veit ikkje om eg orkar for trur du ikkje eg har ilt i armane etter denne snøflyttingaSmilefjes

Kos deko i snøveret. Det gjer eg…..trur eg.

mandag 10. januar 2011

Siste snøfall…

IMG_8068IMG_8077

Her står katten og hunden i den same stien som dei har trakka ned, men ver du sikker hunden går ikkje lenger i denna laussnøen.

 

IMG_8062

No har gjerdet snøa heilt ned og. Så no må det no vera ca. 1 m. snø.

 

IMG_8063

Her har hunden laga seg veg ned på hjørna på huset, for då kan han så og bjeffe på småfuglane.

 

 

 

IMG_8071IMG_8073

Kjem det meir snø no så finn ikkje pappa bilen sin att, når han kjem heim frå lastebiltur til Polen. Pappa og mannen min reiste til Polen i går.

IMG_8078IMG_8079

Her ligg det litt taksnø på nedsida av huset

Det er fint med snø, men når ein må måke kvar dag så er det ikkje så fint.

torsdag 6. januar 2011

Selbuvottar

IMG_8045IMG_8047

Endå eit par med vottar er ferdige. Desse er strikka i 3 tråda raumaull. På pinne 3 mm og 3,5 mm trur eg. Mønsteret er frå eit rauma hefte.

Eg synst det er litt vanskeleg med størrelsar på dei vottane eg strikkar. Dei fleste passar til meg, men så har eg små hender og då. Men eg ser jo det at dei vert kanskje litt små til andre damer. Så eg trur kanskje eg må opp eit halv nr i pinnar når eg strikkar mønsterstrikk slik som dette.

IMG_8046

 

IMG_8042

Her kjem endeleg eit lite bilde av nissekona eg vann hjå Trollkåno rett før jul. Og sidan eg henta ho på Voss sjølv så kom ho fram før jul. Nissekona sit i glaset ved strikkestolen min og passar på meg. Trur jammen ho likar seg her og Smilefjes