Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 29. februar 2012

Har laga meg Epla butikk.


eg har lagt inn nokre luer i butikken min.Bui til Linda

Miss Korrigan i madelinetosh pashmina.

DSC08595DSC08596

Nok ein gong har eg strikka denne vesten. Likar kjempe godt dette mønsteret, enkelt men likevel litt spesielt. Denne vesten har lagt ferdig ei stund, men så var det dette med blogging då Smilefjes ja ja no er den no her.

Mønster: Miss Korrigan

Garn: Madelinetosh pashmina.

Pinnar: 3.5 mm.

Storleik: 12 år.

Truleg så vert denne ei julegåve, når den tid kjem.

DSC08597

 

DSC08603

Av restane så var det ei lita Gros djevelhue. Fyrst strikka eg den minste storleiken, men den vart alt for stor. Rekte opp att og strikka ein ny med 2 masker mindre mellom kvar felling/auking. Men kva storleik det vart på den veit eg ikkje sikkert, har ingen å prøva den på. Men eg tippar 6-12 mnd ein plass der.

tirsdag 28. februar 2012

Selbuvottar ein, to , tre……

DSC08611DSC08612
Her har eg strikka vottar med tre forskjellige garn. Same storleiken, men forskjellig garn. Så slik har eg fått tre forskjellige storleikar av ein storleik Smilefjes Frå venstre Østlandsgarn (mørke raud), Heilo (kvit) og Pt5 Sport (litt lysare raud).Dei kvite er stikka i det garnet som står i mønsteret og har nok storleiken som oppskrifta har.
DSC08601
Øslandsgarn frå Nille.
3 og 3.5 mm.
Passar nok ein 4 –5 åring.






DSC08599
Heilo
2.5 og 3 mm.
Passar nok ein 2 – 4 åring, slik det står i oppskrifta.






DSC08615
Pt5 Sport
2.5 og 3 mm.
Passar nok ein 1 – 3 åring.







DSC08613
Ein fin bukett med vottar. Det vert nok fleire slike småvottar, sidan eg skal bruka opp litt av restegarnet og enkle garn nøster som eg har liggande.
Desse vottane kan no vere ei fin lita velkomen til verden gåve.

mandag 27. februar 2012

Fjellsportfestivalen 2012.

Februar 2012 008Februar 2012 090

Lite strikking den veka som gjekk, sidan det var vinterferie. Og fleire av dagane vart tilbringa på ski. Desse bildene er frå laurdagen då det var Kinesiskutfor for juniorar og seniorar. Dei vaksne brukte 2 –2.5 timar opp og berre nokre få minutt ned att.

Februar 2012 009Februar 2012 010

Starten gjekk frå den toppen midt i bildet, på bildet til høgre… Ungane starta og midt i bildet men rett framfor den stripa med tre.

Februar 2012 061Februar 2012 062

Her kjem elste guten i mål. Flinke store guten min.

Februar 2012 105

Minste guten var ikkje gammal nok til å delta, så han var ein liten tilskodar. Men me koste oss i målområdet med grilling og kinamat. På Kinesiskutfor treng ein og kinesisk mat Smilefjes

Februar 2012 165Februar 2012 169

I helga hadde me og besøk av denne karen med familie. Dei koste seg i lag desse to hundane. Sjølv om me var litt skeptiske til korleis det kunne gå. Men alt gjekk fint.

søndag 19. februar 2012

Oppdatert Bui til Linda

Då har eg lagt inn litt meir i Bui til Linda .
Skal tru om du finn noko av interesse?

fredag 17. februar 2012

Då har eg oppretta meg ein salgsblogg.

Litt skummlet dette her, men det går seg vel til.

Eg strikkar ein del og sidan ikkje alt forsvinn ut av huset, men vert liggande i kassar på syrommet, så må eg heller prøve å selge noko av dette.

Ta ein tur innom salgsbloggen min Bui til Linda der kjem det til å kome litt av kvart fram over.

Velkomen innom!

søndag 12. februar 2012

Vottar til Hallvard

IMG_0754IMG_0755

Vetle guten trong nye vottar, så då var det berre å strikke. Dette att han trong nye vottar, oppdaga eg då eg og han var til Bergen på tirsdag. Kjøpte garn gjorde me og. Sjølv om eg nok hadde hatt noko heime og Smilefjes Fargane tok han ut sjølv. I butikken gjekk han rett bort til lanetten, og ville velge farge der. Men mor var streng og sa at han fekk velge frå hylla med pt2 garn.

I oppskrifta til til desse vottane er det brukt pt5 sport. Eit garn eg eigentleg ikkje var nøgd med, til vottar. I mine auge skal selbuvottar, tova seg i bruk. Slik at dei vert skikkeleg gode og varme. Pt5 gjer ikkje dette, og etter at Hallvard hadde brukt dei ute i snøen, såg det ut som at eg hadde børsta dei. For det såg ut til at dei hadde fått pels. Jaja om ikkje eg var nøgd med garnet, så likte no iallefall Hallvard vottane. Og då eg skulle strikka nye, så måtte dei vere like dei gamle, berre ein annan farge.

Mønster: Pt hefte med berre vottar, luer og sokkar.

Garn: Pt2.

Storleik: 10 – 14 år.

Pinnar: 3 og 3.5 mm.

IMG_0756IMG_0757

Sidan det er morsdag i dag, og mannen skulle reise tidleg på jobb, så feirde me i går kveld. Mannen diska opp med jegergryte og ovnsbaktepoter til kvelds. Og kake til kaffien. Mmmm kjempe godt. Tusen takk mannen min!

Ha ein fin dag alle mødre!!!!

torsdag 9. februar 2012

Hei mamma!

Du e den flinkaste strikkaren eg veit om! Takk for alt du har strikka til meg!

Kjempe glad i deg, mamma!

mandag 6. februar 2012

Jaffrey lue!

IMG_0751IMG_0752IMG_0753

Skikkeleg stilig herre lue. Den har ein dame variant og, kanskje eg skal strikke den og. Uansett så vert det fleire av denne sorten.

Mønster: Jaffrey kan kjøpast hjå strikkinnom.no

Garn: Hverdags DSA.

Pinner: 3.5 mm.

IMG_0745IMG_0747

Litt vinterstemningsbilder for dei som ikkje har snø. Slik ser da ut for oss som har meir enn nok Smilefjes

IMG_0748IMG_0750

Slik ser vindaugene ut når snøen dett av taket. Snø langt opp på glasa.

I morgon tidleg tek eg og Hallvard båten til Bergen…..håpar på lite vind.

søndag 5. februar 2012

Nett so eg ikkje har strikketøy

I går kveld måtte eg berre byrja på denne hua, sjølv om eg allerede har diverse strikketøy liggande. Da såg so spennandes ut. I dagtidleg når dagslyset kom, så var det berre å rekke opp att alt frå i går. Da mangla nemleg ein del omgangar.....av ein eller anna merkeleg grunn:) kanskje eg bør lesa oppskrifta skikkeleg før eg startar.....

Arbeidet veks....det går seint, men det veks....

onsdag 1. februar 2012

Heisann

Berre ein liten test. Blogging frå telefonen.😃