Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 26. september 2014

Vorte ein del labbastrikking i sommar.


Uff og uff denne blogginga.... Vert lenger og lenger mellom kvart innlegg. Sjølv om det vert strikka både jamt og trutt så vert ikkje noko blogga. Mykje lettare å berre slenge ut eit bilde på instagram. Men her kjem eit lite samdrag frå strikkinga i sommar. 

I september har eg vore med på mysteriestrikking. Torirotdesig har har laga mønster som me har fått ein liten del av ein gong i veka, denne månaden. Tusen takk Tori, for eit fint mønster. 

Her er sokkane for september i projo sin votte og sokke along. Desse er strikka i sterk frå dsa. 

Eit par med barnhagevottar til Olander er det blitt. Strikka i smart. 
Antonsokkar strikka i sisu, desse er og frå projo sin along. 
Nok eit sokkapar frå projo sin along. Skyfri himmel, strikka i wollmeise. 
Pilefletter er endå eit par frå projoalongen. Spesiel helfelling, men flotte. Strikka i sterk frå dsa.